Tip:
Highlight text to annotate it
X
Å, hei! Hei, ver ærleg med meg.
Får desse buksene meg til å sjå stor ut?
Eller vent, kanskje ikkje stor nok? Er det på tide med ein liten rumpeball-forstørring?
Eller kanskje litt fettsuging for å ta vekk desse valkane, i det minste;
og kanskje, mens eg er i gang, stramme inn magen. Det kan ikkje skade å jamne alt ut!
Men vent, kvifor skal eg stoppe der?
Sidan eg er litt for lat til å jobbe på desse brystmusklane,
burde eg kanskje få meg implantat
saman med ein liten hakeløft.
Eg må jo også sjølvsagt gjere noko med at eg held på å bli skalla, ikkje sant?
Kva sa du? Løfte augebryna?
Nei, eg veit ikkje om eg har lyst til å sjå merksamd ut heile tida.
Eg trur heller eg skal avslutte det med ein overflod av Botox-innsprøytingar
som strammar opp desse rynkene. Du veit, Botox, den kjemiske nervegifta
som midlertidig paralyserer nervene dine for å skape ein illusjon av ungdommelegheit?
Marshall McLuhan sa ein gong
at det siste ein fisk ville legge merke til i sitt habitat er vatnet.
På same måte verker dei mest åpenberre og mektige realitetane av vår menneskekultur
også som dei som er vanskelegast å kjenne att.
Det er berre når vi tek ein pause, ofte med fare for sosial framandgjering,
for å stille spørsmål til dei fundamentale prinsippane og ideane som liva våre er orientert etter
at ei mørk sanning om vår såkalla 'normalitet' byrjar å bli tydeleg.
I dag lev vi i eit hav med enorme bølgjer av statusbesettelse,
materialisme, forfengelegheit, ego og konsumerisme.
Sjølve liva våre har blitt definert
ikkje av våre produktive tankar, sosiale bidrag og gode vilje,
men av ein overfladisk, desillusjonert sett av assosiasjonar
der sjølve kjerna av samfunnet vårt strålar av billig romantisismer
kopla med forfengeleg konkurranse, iaugefallande konsum og nevrotiske avhengigheitar
ofte relatert til fysisk skjønnheit, status og overfladisk rikdom.