Tip:
Highlight text to annotate it
X
Opp gjennom tida har arkitektar og ingeniørar bygd dei byggverka -
- som har merkt vår verden, og har tolt tidas tann.
Velkommen til Arkitektar & Ingeniørar.
Lat oss ta ein *** på moderne stålramme-bygningar.
Dette er Empire State Building, eit moderne arkitekturvidunder.
Han vart bygd for å vara.
Dagens arkitektar og ingeniørar brukar datamaskiner til å teikna og forma -
- bygningar som skal stå mot naturkrefter som jordskjelv, brannar -
- og orkanar.
Denne skyskraparen vart også bygd for å vara.
Me har sett slik øydelegging før, men berre som kontrollerte nedrivingar.
Danny Jowenko er ekspert på området.
Kva sa han?
-Kontrollert nedriving. -Heilt sikkert?
Heilt sikkert. Den vart implodert. Eit bestillingsarbeid utført av ekspertar.
Lat oss samanlikna.
Ved bruk av sprengstoff kan ein -
- riva slike bygningar på få sekundar.
Ok. Ei kontrollert nedriving. Kva er problemet?
Det hende den 11. september 2001, ved World Trade Center.
Hugs, kontrollerte nedrivingar kan ikkje klargjerast på ein dag.
Det tek månader. Derfor må denne hendinga ha vore planlagd på førehand.
-Sa dei verkeleg 'riven', og kven sa det? -Brannvesenet. Og dei sa det slik:
Me vert nøydde å riva han.
Og desse folka høyrde eksplosjonar.
Han tok bort handa, og så høyrte me: 'Tre, to, ein ...'
Og desse journalistane såg det som ei kontrollert nedriving.
Eg snudde meg og såg ein implosjon. Det såg ut som ei kontrollert nedriving.
For tredje gong i dag.
Det minner om bilete me har sett før, av ein bygning som vert riven -
- med vitande vilje, ved å bruka sprengstoff.
Det likna ein planlagd implosjon. Bygningen falt rett ned.
Kva så, om det var ei kontrollert nedriving?
Den statlege utgreiinga seier at bygningen rasa -
- på grunn av kontorbrannar.
Det Nasjonale Instituttet for Standardar og Teknologi (NIST) -
- laga sin siste rapport i 2008.
WTC 7 kollapsa på grunn av brannar i kontormøblar.
Ikkje på grunn av sprengstoff eller drivstoff.
Kva trur du det var som gjorde at bygningen rasa?
Eg la merke til at meir enn 1300 arkitektar og ingeniørar hadde sett på -
- årsaka til kollapsen, og var ueinige med dei offisielle konklusjonane.
Eg er mykje meir open enn eg var, og det er takka vere engasjementet -
- til dei pårørande og desse fagfolka.
Du skal no få høyra Richard Gage, arkitekt gjennom 23 år, AIA.
Medlem av The American Institute of Architects -
og grunnleggar av Arkitektar og Ingeniørar for 11. september Sanning.
No er det over 1500 arkitektar og ingeniørar -
- som seier at WTC 7 ikkje kan ha kollapsa på grunn av kontorbrannar.
Dei får støtte frå pårørande som etterlyser ei uavhengig gransking.
Brannar har aldri tidlegare fått ein skyskrapar til å kollapsa.
Trass i at det finst mange døme på varmare, større -
- og meir seigliva brannar i denne typen bygningar.
I tilfellet WTC 7 hadde den brannen NIST hevda var årsaka til kollapsen -
- slokna over ein time tidlegare.
Den kan ikkje ha vore årsaka til kollapsen.
Likevel¨, denne 47 etasjar høge bygningen, som ikkje var råka av fly, -
- falt så godt som rett ned, som eit korthus, like raskt -
- som ei bowlingkule ville falt, på litt under sju sekund.
Høyr på ekspertane.
WTC7 falt i fritt fall dei første 30 metra.
Som betyr at det ikkje var nokon som helst motstand.
NIST har ikkje nekta for det, og å gå frå stillstand til fritt fall, umiddelbart, -
- er den brysame delen fordi NIST aldri gav ei forklaring.
Me har ein bygning som fall over seg sjølv. Alle støttene måtte brytast -
- samstundes for at det kunne skje.
Symmetrien er 'det rykande våpenet'.
Bygningen kjem ned i ei rørsle. Det kan ikkje ha vore nokon strukturell motstand.
I fylgje NIST oppstod svikten i stolpe 79, i 13. etasje.
Dei snakkar om at svikt i ein einskild stolpe fører til at heile bygningen fell.
Det er mogleg med ein lokal svikt på grunn av eit brot i ei samanslutning.
Men at den feilen feller heile bygningen, -
- på eit slikt vis at alle stolpane sviktar samstundes, er umogleg.
-Umogleg? -Ja.
Eg såg ein klassisk implosjon. Den midtre delen fell først, -
- og så fylgjer resten av bygningen.
Eg skulle visst kvifor NIST utelet dokumentet frå FEMA, i tillegg C, -
- som dokumenterte smelta stål.
Kvifor vart ikkje dette beviset teke med i rapporten?
Ein kontorbrann genererer ikkje nok varme til å smelta stål.
Likevel har me bevis for smelta stål.
RJ Lee Group, USGS og arbeidet til Dr. Steven Jones, -
- alle tre fann, uavhengig av kvarandre, desse mikrosfærene.
I støvet fann me det me kallar ikkje-reaktivt termittisk materiale, -
- i form av svært små raud-gråe bitar, som har ulike eigenskapar
I reaksjonen produserer dei smelta jern,
- som beviser ein termittisk reaksjon
Ein slik reaksjon kan brukast til å øydeleggja stålkonstruksjonar.
Me har funne den moderne versjonen av termitt, som me kallar nano-termitt.
Det var jern-mikrosfærer i alle støvprøvane, som må ha vorte danna -
- under ekstremt høg temperatur.
Eg har sjølv sett termitt-aktivitet i to heilt ulike prøvar av støv.
Min påstand, etter å ha funne spor av termitt i støvet, er at det skjedde før, -
- det skjedde ikkje i brannane som oppstod i ruinane.
Mikrosfærene forvissar meg om at termitt vart brukt til å kutta stålbjelkane.
Om det var termitt involvert, og smelta metallet, slik vitne og foto viser, -
- forklarar òg kvifor brannane ikkje kunne sløkkast.
Det einaste som samsvarar med -
- alle bevisa, som kan årsaka noko slikt, er å bruka termitt -
- til å skjæra gjennom stålet.
Ein kom ned og såg smelta stål som rann langs rekkverket.
Som om ein var i eit smelteverk.
-Som lava? -Ja, som lava. Ein vulkan.
Læreboka seier at ein skal sjå etter termitt om det er smelta stål og betong.
Dette er ei samansmelting av stål, betong og anna, -
- alt smelta saman av varmen til ei eining.
Me ber om ei etterforsking. Det finst ingen grunn til ikkje å gjera det.
Kvifor har me ikkje undersøkt spora når så mange vitne høyrde eksplosjonar?
NIST seier at dei ikkje fann bevis -
- for sprengstoff.
Då me spurde om dei undersøkte det, sa dei at dei nei, dei såg ikkje etter det.
Utgangspunktet til NIST er at det ikkje -
- er bevis, så ein treng ikkje sjå.
Det er så langt frå vitskap ein kan koma.
Ikkje å sjå, fordi ein ikkje reknar med å finna noko, medan bevisa er tydelege.
Dei konkluderer med noko som ikkje er bevist og overser det bevisa peikar mot.
Kravet om informasjon frå NIST vart avslått av omsyn til offentleg tryggleik.
Korleis kan det setja offentleg tryggleik i fare?
Øydelegginga av bevis var eit lovbrot i seg sjølv.
Det var køyrt bort allereie før FEMA-etterforskarane kom dit, -
- om lag ein må*** etter 11. september.
Det er ikkje vitskap utan tilgang til bevis, og når teorien din er den minst trulege, -
- ikkje den mest trulege.
Den mest trulege forklaringa vart ikkje ein gong nemnd.
Det er ikkje vitskap.
Dei vitskaplege bevisa som vart ignorert av NIST, men studert nøye av fagfolk, -
- stør opp under teorien om kontrollert nedriving.
Me har vore i 21 land og 32 byar i USA, for å gjera folk merksame på bevisa.
Me har støtte frå pårørande og lekfolk som ber om ei uavhengig gransking.
Eg er ein pårørande som prøver å finna ut av drapa på over 3000 menneske.
Dette må bli etterforska på skikkeleg vis.
Sjå på Architects & Engineers!
Vitskapsfolk frå heile verda stiller desse spørsmåla.
Det er mykje som krev forklaring.
Eg var nøydd til å endra mentalitet før eg kunne -
- vurdera moglegheitene.
Ein må gå der bevisa fører ein.
Eg har tre ingeniørgradar, og eg signerte oppropet frå AE911truth -
- for ei tid sidan, fordi folket må få sanninga om 11. september.
Sjå på bevisa. Eg vil faktisk seia det så sterkt:
Alle fornuftige menneske som ser på bevisa som er lagt fram -
- er nøydd til å konkludera med at noko må gjerast.
Det må setjast i gong ei verkeleg etterforsking.
Såra vil ikkje gro. Landet vil aldri gløyma den dagen.
Me må krevja ei ny etterforsking. Eg vil ha rettferd.
Dette høyrer til heile landet. Me var alle offer.
Alle burde krevja svar, ikkje berre me. Alle mista noko den dagen.
Det er urovekkjande for alle å ta innover seg bevisa.
Me må følja sanninga kvar den enn leier oss. Sjå på bevisa, og avgjer sjølv.