Tip:
Highlight text to annotate it
X
Dette spelet er ræv!
Faen!
Faen!
Drit. Faen!
Faen!
Faen!
Dø!
Jævlar!
Prøver du å hjelpa meg no, kamerat?
Vel, la meg vera ærleg om dette.
Herre min hatt, eg hatar dette spelet!
Det får meg til å vilja ta livet av meg sjølv.
Den einaste trøysta er at alle andre ser ut til å dela frustrasjonen min.
Karate Kid er eit spel som har heimsøkt mange av barndommane våre.
Alle seier det same:
"Eg elska filmen så eg kjøpte nintendospelet
Eg kunne ikkje fordra det, likevel måtte eg spela det. Eg måtte runde det."
Kva er det med dette spelet som har gjort så mange uheldige barn til bitre vaksne?
Som hugsar attende på dei sinte barndommane sine.
Skrikande framfor fjernsynet, hiver kontrollane.
Ingen som har runda dette vanskelege skitet, har opplevd tilfretsheit.
Berre trege.
For det er eit jævla sløs med tid.
Det er som å komma ut av ein slåstkamp,
sigrande,
utan å ha oppnådd anna enn blodige skrubbsår og knekte bein.
Det er berre ikkje verdt det.
Det største problemet er at kontrollane er dårlege.
Du må trykka opp for å hoppa, noko som slett ikkje hjelper,
for du kan berre hoppa rett opp i lufta.
Ein må stå heilt stille.
og viss du rører ein fiende, flyg du i motsett retning.
Du kjem ikkje nærme nok til å kunna angripa nokon.
Du døy i kvar fallgruve, og det er svært lett å detta i dei.
Så kvar gong du blir treft nær ei fallgruve, er du så å seia død.
Fyrste banen er latterleg enkel.
Du slåst berre ein mot ein og sparkar livskiten ut or alle.
Og det var det. Du vinn.
Du gjer det om att og om att.
På andre bane byrjar "side-scrolling"-spelinga.
Det er nærmast plagiat av Kung Fu, men mykje dårlegare.
Av og til er det desse dumme bonusbanane som er nærmast umoglege.
Eg trur ein trygt kan seia at dette ville ha vore enklare i det røynlege livet.
Når du kjem til tredje bane, er det ein tyfon, så vinden dyttar deg bakover.
Som om ikkje det var nok, flyg det kvistar og fuglar rundt i lufta.
Alle prosjektilar skadar deg og dyttar deg tilbake. Det er fallgruver overalt.
Eg hatar dette spelet, så korfor spelar eg det?
Vel, det er eit spørsmål alle har stilt seg sjølv.
Alle har det same svaret.
Fordi du er sint, og du vil vinna.
Du vil vinna over Nintendo-en, men sanninga er at ingen andre bryr seg.
Så kjem du til bane fire, og fy faen, det er vanskeleg.
Du kan ikkje nærma det nokon for å angripa dei.
Alle har lange spyd som dyttar deg bakover.
Nokre gonger kan du treffa folk mens du går opp ein bakke.
Men når du går nedover, kan du ikkje angripa lågt nok til å treffa dei.
Alle hoppar på deg og slår deg rundt utan at du kan gjera noko med det.
Og gjett kva?
Det er den siste banen. Og viss du venta deg ein storslagen slutt,
vel, då tok du feil.
Det einaste som skjer er at Mr. Miyagi blunkar.
For noko drit!
Dei tenkte vel at sia spelet berre er fire banar langt,
måtte dei vera dei fire vanskelegaste banane nokon sinne.
Vel, kva med dette ...
Kva om eg laga eit spel
der det berre er ei klippe som du må hoppa over, og det er nesten umogleg,
men viss du klarer det, rundar du spelet.
Eg meiner, kva i helvete tenkte dei på med dette skitet?
Kva i helvete?
Så viss du er ein seriøs Nintendo-samlar,
gjer deg sjølv ei teneste. Ikkje skaff deg dette spelet. Det er ikkje verdt det.
Eg meiner, det har gjort mange liv ulykkelege.
Så, altså, viss du ser det på sal til ein dollar.
Berre hald deg vekke. Ikkje ta på det eingong.