Tip:
Highlight text to annotate it
X
To elvar renn gjennom landet Ur,
Møtest der, og høgt frå ein mur
Ser du opptog med faner og vimplar i vind;
Der elvane møtest skrid opptoget inn.
Eit bord med safirpynta beger av gull,
Hyller med kunnskap, rull på rull.
Salar med strengespel, song og lått,
Ringdans med fløyter og harpeslått.
Så snør det i landet: gløymslesnø.
Borte blir borga og gløymde dei brød.
Som metta dei fem tusen munnar frå korg:
Andlet ber blindt på ei tusenårssorg.
Og ingen kan minnast dei linne drag
I dronningas andlet den fagre dag
Då landet her kvilte i heilag fred
Og alle hadde kjærleik å elske med.
Ei dør slår opp i den stille kveld,
Gjennom opningen anar du skinet av eld
Og stemmer som vinden ber fram der du trør:
Dette er noko du kjenner frå før.
Ei hand spelar terning i fakkelskin,
Ein fot trør i dans under ljost, mjukt lin;
Dei er her, dine bortgløymde systrer og brør:
Dette er noko du kjenner frå før.
Gløym slitet for glede og frykta for sorg;
Det er her, alt du treng, det er brød i ei korg
Frå eit løyndomsfullt bord i så fast ei borg.
Sjå her, her er dagen som renn.
Sjå her, her stig sola for deg
Sjå her er ei korg med brød for alle,
I borga i landet Ur.