Tip:
Highlight text to annotate it
X
Berlin utan deg
Om du hadde sagt det litt før
Gjekk eg kanskje til stasjonen
Få pengane attende, gløyma vegen
Om du hadde sagt det klårare
Tikka eg kanskje ikkje som ein metronom
Og høyrde på klangen av røysta di for fyrste gong
Berlin utan deg er ein by utan harmoni
Ein nitrist, nitrist sovesal
Berlin utan deg, eg utan energi
I den nitriste sovesalen
Om du hadde sagt det litt før
fór eg kanskje til lufthamna
For å kjøpa billett til oss båe
Om du hadde sagt det litt klårare
Hadde eg kanskje levd utan å ergra meg
Hadde lydt på røysta di og kjent det i meg
Men Berlin utan deg er ein by utan harmoni
Ein nitrist, nitrist sovesal
Berlin utan deg, eg utan energi
I den nitriste sovesalen
For meg er eit nitrist sovesalslandskap
Andletet av ein by som aldri vert heim for min kjæraste lengt
Om du hadde sagt det litt før
Hadde eg kanskje heldt meg i den landsbyen
Og det hadde ikkje vore verdt å tala om kvifor Petro fór...