Tip:
Highlight text to annotate it
X
Eg kjenner det i lufta i kveld
augo dine seier at det er noko som er gale
du fer fram mot meg med silkehanskar
vi snakkar om alt anna enn kjærleik
ei kjensle, ein ange frå i går kveld
eg ber om at du ein dag ikkje vil svike meg meir
enno ein gong har du fått hjartet mitt til å blø
likevel er du den einaste eg treng
og eg veit du ikkje bryr deg
men eg vil ikkje la deg dra nokon stad.
Du kjem til å forlate meg, svike meg,
finne ein annan
men det er greitt, eg skal vise deg i kveld
at eg held fram med å elske deg.
Du seier at vi har vakse frå kvarandre
men eg har vokse fast mot deg med heile mitt hjarte
eg er sterk kvar einaste dag med deg
så kvifor kan vi ikkje berre vere lukkelege, vi to
eg er trøytt av å prøve å overtyde deg
men du er den eg trudde eg aldri kom til å finne
men snart trur eg vi kjem til å kasta vrak på alt
inntil da ber eg deg - lat meg få bli
og eg veit du ikkje bryr deg
men eg vil ikkje la deg dra nokon stad
Du kjem til å forlate meg, svike meg,
finne ein annan
men det er greitt, eg skal vise deg i kveld
at eg held fram med å elske deg.
Du kjem til å forlate meg, svike meg,
finne ein annan
men det er greitt, eg skal vise deg i kveld
at eg held fram med å elske deg.
Du kjem til å forlate meg, svike meg,
men eg held fram med å elske deg
Du kjem til å forlate meg, svike meg,
men eg held fram med å elske deg.
Du kjem til å forlate meg, svike meg,
finne ein annan
men det er greitt, eg skal vise deg i kveld
at eg held fram med å elske deg.
Du kjem til å forlate meg, svike meg,
finne ein annan
men det er greitt, eg skal vise deg i kveld
at eg held fram med å elske deg.