Tip:
Highlight text to annotate it
X
Dette spelet suger!
Castlevania 1 og 3 er klassiske Nintendo-spel,
men med Castlevania 2, Simon's Quest, tenkte skaparane openbart ikkje klart.
I byrjinga verkar det som eit dugande spel,
Litt ulikt dei tidlegare i serien. Men det er greitt.
Zelda 2 var ulikt, Mario 2 var ulikt, men begge dei var gode.
Det fyrste som er slåande, er at du må gå gjennom byar, snakka med folk og kjøpa ting.
Eg tok aldri det så tungt. Det gjer spelet meir som eit eventyr og minnar om Zelda.
Det fyrste problemet oppstår idet det skiftar frå dag til natt.
Korfor må dette skje så ofte?
Omlag kvart femte minutt.
Korfor tek det så lang tid?
Ingen har lyst til å gå gjennom dette kvar gong.
Korleis ville du ha likt om du spelte, og kvart femte minutt kom eg bort og avbraut deg,
så talde eg ti lange sekund før eg lét deg halda fram?
Korfor trudde dei at det var ein god idé å avbryta spelinga?
Trudde dei at det ville vera meir realistisk?
I røynda må eg ikkje stoppa når sola går ned, og ein boks kjem ikkje til syne i lufta.
Dette må vera eit av dei mest irriterande innslaga i noko spel.
Kva er vitsen?
Altså, monstera er sterkare om natta og butikkane er stengde.
Men korfor er det naudsynt, og korfor må spelet stoppa opp?
Det er forbanna idiotisk.
Og korfor må ein dø når ein dett i vatnet?
Det er det dummaste eg har sett.
Denne fyren kan kjempa mot hordar av monster, men han kan ikkje symja?
Av og til har eg ikkje lyst å gå ned trappene berre for å komma ned på bakkenivå.
Det er ingen grunn til det når eg kan ta ein snarveg og hoppa ned.
Men oi!
Eg bør ikkje gjera det. Det kan vera vatn der nede.
Ein annan ting som er irriterande med spelet, er at du må kjøpa våpen og andre ting.
Rett nok er ikkje dette uvanleg.
Du gjer det same i mange gode spel, som Zelda.
Men la meg forklara:
Her må du samla hjarto, som blir rekna som valuta.
Det er ganske merkeleg. Vanlegvis tener hjarto som liv eller energi.
Så, altså, det er ganske rart.
Men det er ikkje poenget.
Poenget er at tinga du må kjøpa er altfor dyre.
Hjarto rekk ikkje til.
Det tek for lang tid å samla nok til å få kjøpt noko.
Og det blir trøyttande å vandra rundt og drepa dei same monstera om att og om att.
Berre så du kan kjøpa ein eldpisk eller noko.
Når eg snakkar om eldpisken: Det er ganske morosamt, er det ikkje?
Eg meiner, dei prøvde verkeleg å vera kreative med den. Eldpisken!
I alle høve ... Me snakka om hjarto:
Det tek for lang tid å få kjøpt ting.
Og for å gjera problemet større, når du døyr
misser du alle hjarto og du må starta om att.
Dette gjer ikkje spelet vanskelegare eller meir utfordrande.
Det gjer berre at me må gjera dei same monotone tinga om att.
Og det er ikkje artig. Det er keisamt.
Sjå! Eg fekk endeleg nok hjarto til å kjøpa ei plante eg treng for å kryssa sumpen.
La meg komma meg til butikken.
Faen òg! Det er natt!
No er butikkane stende og eg må venta på at det blir dag att.
Ja, ja. Eg kan like godt drepa nokre zombiar i mellomtida, og samla fleire hjarto.
Satan! No må eg starta heilt på nytt!
Noko av det verste med spelet er fallgruvene.
Det er stein eller blokker som ser ut som du kan gå på dei.
Men snarare dett du rett gjennom.
Det er umogleg å sjå kor desse plassane er den fyrste gongen du speler,
så du må hiva vigslevatn overalt for å finna dei.
Det er idiotisk!
Korfor skal eg måtta gjera dette?
Nok ein gong, det gjer ikkje spelet kjekkare eller meir utfordrande.
Det er berre urettferdig og irriterande.
Fangeholene har ingen kjemper på slutten, noko som er skuffande.
Alle Nintendo-spelarar veit at på slutten av ei fangehole eller ein labyrint,
skal det vera ei stor kjempe som du slåst mot.
Men her ... Dei vart late og la berre til nokre få kjemper i spelet.
Dei lét fleire fangeholer vera tomme, slik som denne.
Så i flesteparten av fangeholene du går gjennom, eller herregardane, for å vera presis,
finst det ingenting anna enn ei krystallkule som du ikkje kan røra.
I resten av Castlevania-spela skjer dette:
Du slåst mot ei kjempe, du vinn
ei krystallkule kjem ned og du tek på ho.
Og så kan du gå vidare til neste nivå.
Men i Castlevania II, korleis skal du skjønna
at du skal hiva ein eikestav på kula?
Når du fyrst får eikestaven, går du ut frå at det er eit våpen.
Men når du *** han, finn du ut at han ikkje gjer nokon ting.
Og du bruker han opp med å hiva han, slik at du må skaffa han ein gong til.
Delar av spelet er ikkje sjølvforklarande og er for vanskelege å finna ut av.
Til dømes denne blindvegen.
Ville du ha trudd at det er meininga du skal passera gjennom denne veggen?
Korleis?
Du må knela attmed han i rundt ti sekund.
Men det er likevel ikkje krytisk eller løynt nok.
Ja, ver så snill og gje oss meir valuta for pengane, og gjer det vanskelegare!
Så me kan granska samtlege potensielle utvegar før me finn ut av det.
Greitt! Gjett kva!
Du må ha eit raudt krystall, velja det,
og knela og venta ei stund før denne magiske tornadoen kjem og fører deg til neste område.
Mesteparten av folka i byane seier fullstendig uviktige ting.
Så korfor må ein lesa det?
Her i fangeholene kan ein finna bøker
som faktisk gjev hint om ting i spelet som du kan ha bruk for å veta om.
Men halvparten av gongane du finn ei slik bok, er det på slump,
så eg kan komma til å trykka på knappen og avbryta.
Noko som betyr at eg ikkje eingong får lese boka. Og eg får ikkje ein ny sjanse.
Korfor kan ikkje dette gjerast når det skiftar frå dag til natt? Det ville faktisk vore hjelpsamt.
Skaparane tenkte altså slik:
Det er ikkje strengt naudsynt for meg å lesa om
korleis ein finn Dracula sitt slott eller kva eg skal bruka eikestaven til.
Det eg derimot må lesa opp att og opp att er:
"Morgonsola har fortrengt den fryktelege natta"
Kva med "fortrengde dette fryktelege spelet"?
Den einaste sikre måten å komma seg gjennom dette elende er å nytta ein kode.
Men til og med det er meir slitsamt enn det burde ha vore.
Mens dei fleste Castlevania-spela brukar symbol som passord,
har dette berre ein masse siffer.
Eg meiner, eitt av dei små områda burda ha vore nok. Men fire? Korfor så mange?
Generelt sett hatar eg spel som nyttar slike passord.
Av og til har dei både store og små bokstavar.
Til dømes ser L-ane ut som I-ar, nullane ser ut som o-ar, åttetala ser ut som femtal.
Korfor må det brukast så mange teikn?
Korfor kan det ikkje berre vera tal?
Altså, berre tal og ikkje bokstavar.
Det tek nærmast fem minutt å skriva inn passordet, mens det burde ta fem sekund.
Det er fordømt tåpeleg.
Greitt, sei at me skriv inn passordet og dreg til Dracula sitt slott.
Du vil bil rimeleg skuffa over kor antiklimatisk dette spelet er.
Det er ikkje eingong verdt å skriva inn koden,
langt mindre å spela heile spelet. Om du gjer det, synest eg synd på deg.
For det fyrste er det ingen fiendar i Dracula sitt slott.
Du berre går gjennom. Den einaste hindringa er at du må gå opp og ned trapper.
Noko som verken skadar deg eller er særleg utfordrande. Det er berre langtekkjeleg.
Eg meiner, kva er vitsen med å gå gjennom slotten viss du ikkje kan slåst?
Gjekk skaparane tom for tid eller noko slikt?
Så kjem du omsider fram til Dracula. Og gjett kva!
Han liknar ikkje på Dracula i det heile.
Derimot liknar han på mannen på ljåen, og han *** sigd mot deg.
Visste skaparane av spelet i det heile kva Dracula er for noko?
Han er ein jævla vampyr!
I tillegg er Dracula altfor enkel.
Sjå på dette!
Dette er eit knep som eg oppdaga sjølv. Det kunne du òg ha gjort, utan hjelp av ein guide.
Når Dracula fyrst kjem til syne, står han stille ei stund,
Og du får meir enn nok tid til å angripa han.
Ikkje berre blir han ståande der ei god stund,
angrepa dine set han dessutan ut av spel, slik at du får endå meir tid.
Naturleg nok vil du bruka flamma, då den er eit av dei mest verknadsfulle våpna i spelet.
Men bruker du den mot Dracula, blir det umogleg for han å gjera noko som helst.
Han er sjanselaus.
Idet du byrjar å hiva skiten på han,
har du alt vunne.
Eg meiner, korfor er det så enkelt?
Testa dei denne skiten før dei gav han ut?
For noko faenskap!
Eg meiner, eg kjenner meg uvel som måtte spela gjennom spelet for å laga denne filmen,
men eg gjorde det for å visa fram makkverket.
Eg tvang meg sjølv til å spela det, slik at de slepp.
Så de bør takka meg for å ha åtvara dykk mot denne dampande dungen med geiteskit.
Eg skjønner at det er fånyttes å klaga på eit spel frå 80-talet eller tidleg på 90-talet.
Det for forundrar meg berre kor fordømt eldig det er.
Det er jamnt irriterande.
Korfor? Korfor er det så dårleg?
Hadde desse problema vorte ordna, hadde me hatt ein storslagen Castlevania-triologi.
Men historie er historie.
Me kan like godt rekna Castlevania 3 som det andre spelet i serien,
og gløyma heile denne fryktelege dungen med hesteskit.
Det framstår i dag som eit av dei jævlegaste feilskjera som er gjort.
Takk for at de har høyrt på. God natt!
Slutten suger òg!